Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Maria Parr: Vaffelhjarte

Illustrert av Bo Gaustad.

«Det er noe litt gammeldags ved tittelen. Og for så vidt er det noe litt gammeldags ved fortellingen også, men det gjør ingenting. Fortellingen er så god at en har lyst til å proklamere en kommende stjerne!»
(Inger Østenstad, barnebokkritikk.no)

Trille er sikker på at nabo Lena er bestevennen hans. Men han er ikkje like sikker på om han er bestevennen til Lena Lid. Med Pippi sitt dumdristige initiativ og «hyss» som ikkje står noko tilbake for dei kreative skøyarstrekane til Emil, dreg ho Trille med på dei viltraste påfunn, ofte inspirerte av noko dei har lært av dei vaksne.

– Eg veit ikkje kor mange gonger eg har lese kapittelet om då Lena og Trille fyller onkelen sin sjark med kvige, katt og kaninar etter at dei har vore på søndagsskulen og lært om Noas Ark. Eg ler like godt kvar gong, smiler Petra Helgesen, som er redaktør for den nye antologien Les for meg!, der nett dette kapittelet er med.

Det er noko urkomisk over mange av situasjonane som gjer at ein kan lese forteljingane om att og om att. Likevel går alvoret ofte hand i hand med alt det morosame. Først og sist er dette ei forteljing om vennskap, som kan vere ei alvorleg og vanskeleg sak. Med eit sprudlande språk fullt av ordspel og treffande kommentarar vil boka bli ein klassikar der sidene lausnar frå ryggen og omslaget rivnar i hjørna, utslite av all lesinga.

«Med ynske om ei god lesestund!» har forfattaren skrive i mi bok. Maria Parr har lagt grunnlaget for mange gode lesestunder med Vaffelhjarte.

Boka finst også i lydbokutgåve.

Kategoriar

Fleire boktips

6–9
9–12
9–12
9–12