Tusenårsflaumen dannar bakteppet i den nye barneboka til Sigmund Løvåsen. «Det var eit slikt regn som gjer at det er freistande å kle av seg og springe ut i det.» For Finn og Jon er ekstremvêret både skremmande og spennande. Etter kvart som vassmassane veks, vert alvoret tydelegare. Faren til Finn kjempar for å halde vatnet unna campingen han driv, og Finn uroar seg for kva flaumen kjem til å ta med seg når vatnet trekkjer seg tilbake.
Bestevenen Jon bur i eit stort hus lenger oppe i bygda, med både ei mor og ein far. Han opplever ikkje flaumen like trugande. Finn får bu med Jon når vassmassane stig nede i bygda.
Gutane følgjer tett med på dramatikken som utspeler seg, og ser med store auge på korleis politi, brannvesen og militæret prøver å handtere dei stadig aukande vassmengdene. Det tek ikkje lang tid før dei bestemmer seg for å ta saka i eigne hender og bidra i kampen mot flaumen. Elva har vakse seg stor, og ho grev seg stadig lenger inn på kyrkjegarden. Der ligg bestemora til Jon, Olga, gravlagd. Gutane er redde for at kista hennar skal bli teken av vatnet. Difor legg dei ein dristig plan for å redde henne. Operasjon Olga er namnet på den spektaulære redningsaksjonen dei planlegg. Snart får dei med seg kyrkjetenaren Marcelo, bygdesynsaren Artur, og Vanja – den sterkaste jenta dei kjenner.
Etter kvart som flaumen byggjer seg opp, stig også spenninga i boka. Vil gutane klare å redde bestemor Olga frå utgravingane til storflaumen? Løvåsen skriv medrivande om dei dramatiske dagane medan flaumen herjar i bygda. Sjølv om temaet er alvorleg, ligg humoren og boblar under overflata gjennom store delar av forteljinga.
Artur, bygdeallvitaren, er kosteleg skildra. Han sit oppe om nettene for å høyre på perleugla sitt paringsspel, og meiner at fuglen kan fortelje korleis flaumen kjem til å utvikle seg. Marcelo, den chilenske kyrkjetenaren, møter tv-reportarar med ei tørr ro, og nektar å gå med på at flaumen er det verste som kunne skje. Det har da skjedd verre ting!
Illustrasjonane som er førte i pennen av Kristoffer Kjølberg, er humoristiske og er med på understreke den varme tonen i forteljinga, samstundes som dei løftar fram det komiske i mange av situasjonane.
Finn, Jon og Vanja kjem frå ulike stadar i bygda og har ulike oppvekstvilkår. Vanja bur i ei campingvogn saman med mor si, og får jamleg besøk av barnevernet som skal sjå til at ho har det bra. Desse forskjellane er tydelege nok til at lesaren forstår at barna har ulike utgangspunkt, utan at det blir gjort eit stort poeng ut av det. Det er eit klokt grep.
Boka inneheld i det heile mange skråblikk på både bygdeliv og forvaltingssystemet. Med poengterte og humoristiske skildringar teiknar Løvåsen fram personar og situasjonar mange lesarar vil kjenne seg att i.
Boka passar for alle barn som ønskjer å bli rivne med frå første side. Sjølv om det er operasjon Olga som er drivkrafta i handlinga, skjer det så mykje artig og spennande på vegen at lesaren finn rikeleg å glede seg over i form av både skildringar og småhendingar.
Flaumen er ei bok om naturen som bryt seg fram, og om menneska som prøver å kjempe imot. Men først og fremst er det ei bok om gode vener, fellesskap og samhald.
Intervju med Sigmund Løvåsen
Kvifor bør barn og unge lese boka di?
Eg håpar at Flaumen skal vere ei morosam, medrivande og spennande forteljing å lese. Det er eit mål for meg at barn skal glede seg til neste gong dei skal ta opp boka for å lese vidare eller bli lesne for. Og så har eg hatt lyst til å vise noko eg meiner er veldig viktig: Kor mykje det betyr å ha vener, og kor viktig det er å samarbeide og halde saman når ting er vanskelege. For eksempel når ein flaum trugar.
Kva inspirerte deg til å skrive denne boka?
Eg har vakse opp på ein gard ved Trysilelva. Der var det ofte flaum, både sommar og vinter. Det er minne eg hadde med meg då eg skulle skildre flaumen i boka. Eg hugsar mellom anna at vi ikkje kom oss til skulen fordi vatnet stod ein meter over vegen der skulebussen skulle køyre. Og at vi måtte følgje sauane ut i skogen når vatnet fløymde inn over jorda der dei skulle beite. Dei siste åra har det også vore såkalla ekstremvêr, veldig mykje regn over mange dagar, som har skapt store flaumar og store øydeleggingar. Det har eg også tenkt på under skrivinga. Når det gjeld barna i boka, Jon, Finn og Vanja, har nok mine eigne barn vore ein viktig inspirasjon.
Kven trur du vil ha størst glede av å lese boka di?
Sjølv om det i katalogen står at ho er for barn mellom 9 og 12 år, trur eg det er ei forteljing både barn og vaksne kan ha glede av. Den førre barneboka mi, Tusen elgar i garasjen, har vorte nytta som høgtlesingsbok på aldersheimen i tillegg til å fungere godt for barnehagebarn. Det tykkjer eg er fint. No er det snart sommarferie, det er ei fin tid for høgtlesing. Då håpar eg både foreldre, småsøsken og besteforeldre kan samlast kring Flaumen for lesestund.
Kva meiner du kjenneteiknar ei god bok for 9–12-åringar?
Barn er like forskjellige som vaksne. Det betyr at det også for ein niåring må finnast eit stort utval av bøker, slik at alle kan finne noko som passar for seg. Det er derfor det er viktig at det blir gitt ut så mange ulike bøker i Noreg. Vi kan klare oss med fem ulike tannkremar i butikken, då kan alle finne ein tannkrem som passar for seg. Men vi må ha hundrevis av bøker i bokhandel og bibliotek for at barn skal finne noko dei likar å lese. Eg og barna mine likar at bøker er morosame. Vi likar også at det handlar om barn vi kan kjenne oss att i, samtidig som vi møter andre karakterar som er veldig forskjellige frå oss. Då kan vi lære om korleis dei lever og tenkjer. Slik kan vi gjennom å lese lære meir om oss sjølve, og meir om korleis andre menneske har det. Så det er ikkje så lett å seie nøyaktig kva som kjenneteiknar ei god bok. Det er så forskjellig frå lesar til lesar.
Kva slags anna bok enn di eiga vil du tipse denne målgruppa om å lese, og kvifor?
Då vil eg tilrå trilogien Brune, Blåse og Svartle av Håkon Øvreås, illustrert av Øyvind Torseter. Det handlar om barna Rune, Åse og Atle som er tilsynelatande vanlege barn, men som om natta kler seg om til superheltar og går til aksjon med målarkosten. Bøkene er både spennande og morosame, og passer godt for høgtlesing for heile familien.



