Juri møtte verda i 2021 i boka Passe happy. No er han tilbake, like usikker og framleis i overgangen mellom barn og ungdom. Bøker om barn i puberteten handlar ofte om alle dei fysiske endringane. Her er hovudfokuset usikkerheita, og alt det medfører av kjensler og tankar.
Flokken byr på 135 sider med korte, men innhaldsrike, setningar. Det er lett å lese boka, og vanskeleg å ikkje la innhaldet sive inn i kroppen.
Boka er sett saman av ti historier frå livet til Juri. Me følgjer han i møte med klassekameratar, foreldre, lærarar og folk han ikkje kjenner. Her finst situasjonar som alle barn kan kjenne seg igjen i, som når Juri lurer på om han er ein del av flokken. Og så finst det situasjonar som dei færraste barn har opplevd, men som dei kan filosofere over, og lære meir om andre menneske av.
I ei ideell verd får alle barn mellom 9 og 13 år lese denne boka saman med ein trygg vaksen. Flokken gir unik inspirasjon for samtalar med barn som er i ferd med å verte ungdom.
Stai serverer oss samtalepunkt på rekke og rad:
- Korleis går ein fram for å lage ein flokk av vener?
- Kva seier ein til venen som vil drepe stefaren?
- Er det rett å gjere det guteflokken vil, når ein sjølv kjenner på tvil?
- Kan vener mobbe vener?
Kari Stai har skrive og illustrert boka. Både i tekst og teikning forklarer ho meisterleg den dempa og lett nervøse stemninga Juri lever i. Samstundes er her også gode dosar av både humor og håp.
Intervju med Kari Stai
Kvifor bør barn lese boka di?
Det kan hende boka har nokre sider som kan gjere lesaren nysgjerrig på kva dei sjølv tenker og kjenner omkring ein del tema, og sånn sett inspirere til å bli betre kjent med seg sjølv. Det kan vere ein grunn til å lese boka. Så håpar eg boka også berre gir glede, latter og kanskje litt undring og kontakt med det triste og vemodige. For eg trur det skal vere eit stort spekter av kjensle-typar her. Så er det også mykje rart som skjer, og eg har veldig trua på alt som er rart, som bryt litt med normalen. Kanskje er det ikkje så mange normale menneske som vi går omkring og trur.
Kva inspirerte deg til å skrive denne boka?
Eg fekk lyst til å skrive kortare historier, men samtidig sjølvstendige, heilskaplege historier. Eg kom på at eg alltid har vore glad i format som ikkje er så avskrekkande store, og i det nære som eit kortformat kan gi. Eg håpar lesaren kan kjenne at det er gode porsjonsstykke i boka. Så har også flokk-omgrepet inspirert meg, fordi eg sjølv er opptatt av det på individ- og gruppenivå. Det er nok eit omgrep og eit fenomen som er interessant for alle aldrar. Fugelli snakka jo veldig om det, om viktigheita av flokken. Det er mat til hjernen min – kor stor må ein flokk vere? Kva er du om du ikkje har ein stor flokk? Og kva ER ein flokk. Kan det også gi ei form for press – er ein verdt noko mindre om ein ikkje har mange spennande flokkar? Eg finn det stimulerande å ta slike tema inn i barnelitteraturen. Eg er opptatt av å bidra med helseperspektivet i kunsten til barn og unge.
Kven trur du vil ha størst glede av å lese boka di?
Forlaget har sett ho på lesargruppe 9–12 år, fordi Juri er 10. Men eg håpar og trur ho kan gi ein del også til alle som har vore 9–12, for det er mange relevante problemstillingar her for alle aldrar – relasjonar, tvil, samanlikning, innan- og utanforskap, moral, draumar, identitet, kropp, helse …
Kva meiner du kjenneteiknar ei god barnebok?
Oi, det er eit godt og stort spørsmål. Eg trur ei bok treng ein hovudkarakter vi blir engasjerte i og godt kjente med. Så må det brenne – noko må stå på spel. Så trur eg på at det må vere ein del overraskande element i ei bok, så vi opplever å bli overraska og «tatt med». Det er også viktig med eit godt spekter av følelsar – at både det lette og tunge er med. Og at den/dei vi les om, har ei utvikling gjennom historia. Det kan også med fordel henge nokre lause trådar der, som lesaren kan nøste vidare på sjølv, fordi dei engasjerer og gir gjenklang. Da vil boka bli med lesaren vidare etterpå – det er eit kvalitetsteikn.
Kva slags anna bok enn di eiga vil du tipse barn om å lese, og kvifor?
Mange favorittar. Trekker fram Hullet av Øyvind Torseter, Smadra av Brynjulf Jung Tjønn, og den eviggode klassikaren til Gunilla Bergsrøm: Du er en feiging, Albert Åberg! Hullet bygger som bokprosjekt på ein sterk visuell idé med dette fysiske hòlet som på mystisk vis gir kvar nye side nytt innhald. Smadra er etsande god og sjelsetjande vakkervond. Og Albert-boka er eit ut i fingerspissane godt formulert pensum i korleis vi kunne ha stoppa krig i verda. Kunne nokon ha sendt ho til Putin og Trump?
Utdrag frå boka: