Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Peter F. Strassegger: Keisar Augustus

Peter F. Strassegger: Keisar AugustusAugust er ein av dei ungdomane som alltid hamnar i trøbbel. På skulen blir han raskt peika ut som syndebukk av dei vaksne, som verken får godt nok innnsyn i eller forstår bakgrunnen for åtferda hans. Etter ei alvorleg valdshending mot ein medelev tek mora ei avgjerd: Dei må flytte. Ho lovar August at dette blir siste gong – no skal dei få ein ny start.   

Å flytte frå stad til stad har prega heile barndommen hans. Mora, som jobbar i alternativbransjen, set pris på fridomen det gir, men har ikkje klart å gi August dei stabile rammene han treng. Ho elskar sonen sin, men har alltid levd på sitt eige vis. Og August? Han slit med vonde minne som stadig kjem tilbake. Kva har eigentleg mora hans drive med?   

Den vesle vestlandsbygda dei flyttar til, er langt frå den fristaden dei hadde håpa på. Ungdomsmiljøet er prega av uro, med mykje rus og vald, og det tek ikkje lang tid før August blir trekt inn i det berykta miljøet. Utfordringane tårnar seg opp – ikkje berre for han, men også for mora. Ho forsøker å etablere seg med naturmedisin og transcendentalterapi, men August veit kva som skjuler seg i sofaen heime, og han bekymrar seg for mora si. Flyttinga var meint som ein ny start for dei begge, men snart blir det tydeleg at det å ta dei rette vala ikkje berre er vanskeleg for August, det gjeld også for mora. Ho er velmeinande og kjærleg, men livet byr på freistingar ho ikkje alltid klarer å stå imot.   

Skam knytt til oppvekst og familiesituasjon er eitt av fleire tema i romanen til Strassegger. Skam kan tvinge fram eit forsvarsverk som gjer ein hard og utilgjengeleg og kan føre til trøbbel. August har lært at fryktløyse har vore eit fellestrekk hjå dei store erobrarane i historia. Å kjenne til svakheitene til dei rundt seg – og slå først – kan gi overtaket. Han har alltid kjent seg annleis, og det har gjort han sint og mistenksam.   

I denne romanen er handlinga spennande og drivande, men òg full av refleksjonar kring livsval og identitet, oppvekst og åtferd. Det sosiale spelet mellom tenåringar blir skildra på ein treffande måte, og som lesar får ein eit godt innblikk i det tøffe ungdomsmiljøet August blir ein del av. Mellom dei nye venane hans finst både dei som trekker han djupare inn i farlege spor, og andre som viser at det finst andre vegar. 

Denne tredje boka i den kritikarroste ungdomsserien til Strassegger er ein roman med aktuelle tematikkar som både engasjerer og set tankane i sving. 

Kategoriar

Fleire boktips

Brynjulf Jung Tjønn: Norsk kjærleik
dikt
Erlend Skjetne: Størst og minst
intervju
Terje Torkildsen: Jernvilje
bøker med undervisingsopplegg
Therese Garshol Syversen: Eg skal rive deg i filler
intervju