Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Harald Nortun: Kode 6 – Ingen må vite kven du er

Harald Nortun: Kode 6–Ingen må vite kven du erKasper bur i Vågen, ein liten stad langt mot nord. Han går i 7. klasse saman med fire jenter og to gutar. Dei to andre gutane er bestevenner. To og to av jentene også. Kasper har aldri hatt ein bestevenn.  

Stian startar i klassen. Han gjer ikkje narr av Kasper slik dei andre i klassen gjer. Han blir med Kasper heim, han inviterer med seg Kasper på joggetur, han gir råd om jenter og korleis Kasper bør kle seg. Kasper kjenner endeleg at han kanskje har ein bestevenn. Men det er eit eller anna Stian skjuler. For Stian har hemmeleg telefonnummer, han vil ikkje bli fotografert, og heime hjå Stian og mora har dei sikkerheitslås på døra, men dette får ikkje Kasper lov å seie til ei levande sjel.  

Mor til Kasper er nysgjerrig og vil vite mest mogeleg om dei nye innflyttarane. Ho er skeptisk til at Stian og mora er så tilbakehaldne med kvar dei kjem frå, og kvifor dei har flytta til bygda. Saman med dei mange venninnene sine, saumfer ho sosiale medium, men dei finn verken Stian eller mora der. Via ei venninne i Oslo får ho eit gammalt bilete av mor til Stian på ein bar. Ho får vite at mor til Stian heiter noko anna, og ho går ut frå at ho har gjort noko kriminelt og skjuler seg for politiet. Ho deler biletet i ei lokal gruppe for dei som bur i Vågen. Med eitt er ikkje identiteten til Stian og mora like hemmeleg lenger, og ein av dei kriminelle som er ute etter dei, veit kanskje kvar dei bur. 

Tittelen på boka er Kode 6 – Ingen må vite kven du er. Kode 6 er den strengaste forma for hemmeleg adresse vi har i Noreg. Fleire av dei som lever med hemmeleg adresse, må bryte alle banda til fortida. Boka gir eit innblikk i korleis det er å leve på ei slik adresse, og kor vanskeleg det er å finne fotfeste på ein ny stad når du ikkje veit om du blir avslørt og kanskje må flytte igjen.

Utdrag frå boka:

 

Kategoriar

Fleire boktips

Silja Aldudóttir: Udyret i tunnelen
9–12
Ana Pêgo: Plasticus maritimus
9–12
Elen Betanzo: Kjenner du Becker?
9–12
Eirin Holberg og Åshild Irgens: Steinalderen
9–12